Hopp til innhald

Orbetello

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Orbetello
by
Land  Italia
Region Toscana
Provins Grosetto
Areal 226,8 km²
Folketal 14 292  (1. januar 2023)
Borgarmeister Altero Matteoli
Postnummer 58010, 58015
Retningsnummer 0564
Kart
Orbetello
42°26′22″N 11°12′45″E / 42.439444444444°N 11.2125°E / 42.439444444444; 11.2125
Wikimedia Commons: Orbetello

Orbetello er ein kommune i provinsen Grosseto i Toscana i Italia. Han ligg om lag 35 km sør for Grosseto, i ein lagune med same namn.

Hovudporten til Orbetello.
Vindmølla i lagunen Orbetello.

Orbetello var ein etruskisk busetnad, som i 280 f.Kr. komm inn under romarane, som hadde grunnlagd kolonien Cosa (nær den moderne Ansedonia) i nærleiken.

I mellomalderen kom han inn under Aldobrandeschi-familien, som hadde han fram til 1300-talet, då han vart ein del av byen Orvieto. Etter fleire kampar mellom Orsini av Pitigliano og Orvieto vart Orbetello dei neste hundreåra ein del Republikken Siena. På midten av 1500-talet kom han inn under den spanske vasallstaten Presides og vart hovudstaden her. Seinare kom han inn under storhertugdømet Toscana fram til midten av 1800-talet då Italia vart samla.

I 1927-1933 starta Italo Balbo luftreisene sine frå lagunen i Orbetello.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Orbetello