Firefox

Bruk Firefox som din bedriftsnettlesar

Firefox leverer sikker, robust og personvernfokusert nettlesing i stor skala. Med verksemdpolicyar i både Firefox og Firefox Extended Support Release (ESR) får organisasjonar fleksibilitet, kontroll og openheit i ein påliteleg nettlesar med open kjeldekode.

Firefox profesjonell brukarstøtte

Tidleg tilgang er no open for det nye støtteprogrammet vårt. Det er bygd for organisasjonar som brukar Firefox for å sørge for sikkerheit, robustheit og datasuverenitet, og tilbyr privat, påliteleg og tilpassa støtte for storskala implementeringar.

Vern på bedriftsnivå, drive av Firefox

Din nettlesar, di verksemd

Firefox kombinerer open kjeldekode og openheit med avanserte tryggingsfunksjonar og hyppige oppdateringar for å bidra til å verne dataa til verksemda di.

Distribuer når og korleis du vil

Med installasjonspakkar og eit breitt utval av gruppepolicyar og funksjonar er utrulling raskare og meir fleksibel enn nokon gong — og enkel i Windows-, Linux- og macOS-miljø.

Utgivingssyklusar som passar organisasjonen din

Vel Firefox for dei nyaste funksjonane og stabile utgivingar kvar fjerde veke, eller Firefox ESR for langsiktig stabilitet, regelmessige tryggingsoppdateringar og årlege hovudutgivingar.

Firefox profesjonell brukarstøtte dokumentasjon

Firefox profesjonell brukarstøtte er eit dedikert tilbod for team som treng privat saksbehandling og eskalering, definerte responstider, tilpassa utviklingsmoglegheiter og tett samarbeid med ingeniør- og produktteama hos Mozilla.